2017/08 Høyringssvar frå Forskerforbundet ved HVL til framlegg til ny ressursmodell

31. august 2017-kh

Innleiingsvis vil Forskerforbundet rose saksframlegget, som er godt presentert. Samstundes vil vi peike på at ei høyring som styrer alle innspel med ei rekkje spørsmål, og utan rom for andre kommentarar, fort vert lite demokratisk fordi ein styrer tilbakemeldingane sterkt. Det gjer også at høyringsinstansane må leite med lys og lykte etter relevante stader å leggje inn synspunkta sine, med fare for at dei forsvinn i det store biletet.

I det følgjande er høyringsspørsmåla farga raude, medan responsen vår er i svart.

Oppsummering av alle høyringsspørsmål: Under følgjer ei oppsummering av alle høyringsspørsmåla nemnt over. Aller fyrst kjem nokre overordna høyringsspørsmål som går på heile modellen, og som ikkje er knytt til kvar av modulane. Dei overordna spørsmåla til budsjettfordelingsmodellen er :

A)      Korleis bør forholdet mellom komponentane for insentiv (resultat) og basis være for å sikre ein ønskja balanse mellom solidaritet og konkurranse i organisasjonen?

Forskerforbundet meiner generelt at det er viktig at ressursfordelingsmodellen til ein viss grad jamnar ut store utslag i ressurstilgang mellom år, noko som først og fremst kjem av variasjon i basiskomponenten, grunna varierande studenttal mellom år. Viktige utdanningar som er tett knytte til næringslivet og konjunkturane der er særleg utsette, t.d. ingeniørutdanningane. Det vil vere svært uheldig dersom fakultet og institutt må følgje slik variasjon med opp- og nedbemanning. Dette omsynet bør leggjast til grunn for utforming av modellen.

Kjerneaktivitetane til HVL tilseier at vi skal søkje langsiktigheit, og at vi ikkje skal ha ein modell som gjev store og raske utslag når omgjevnadane skiftar. Ein kan hevde at institutta kan gjere avsetnader mellom år og slik bufre for variasjonen. I realiteten har mange institutt liten erfaring med god budsjettering fordi dei har fått tildelingar gjennom komplekse ressursmodellar som har øyremerka midlar til ulike føremål. På sikt bør ein auke kompetansen på økonomistyring i dei ulike einingane, men sentralleddet bør ta ein del av dette ansvaret. Dersom ein over tid ser at visse utdanningar ikkje har lønnsemd, vil det vere styret sitt mandat å vurdere om dei skal oppretthaldast.

Vi trur det er viktig at fakulteta og gjerne institutta får delar av den resultatbaserte løyvinga ført rett ned. Dette gjeld især FoU-relaterte løyvingar. Faggrupper som skaffar oppdragsmidlar må få behalde nok av ressursane til at ein reelt kan kjøpe fri dei tilsette som skal arbeide på prosjekta. Det vil gje rom for oppbemanning og utviding av faggrupper, insentiv som er heilt avgjerande for at ressurspersonane rundt i fagmiljøa skal vere i stand til å drive slik verksemd.  Inntekter frå oppdragsverksemd bør vidare utløyse FoU-ressursar til dei som skaffar og gjennomfører prosjekta. Denne delen av tildelinga vil bli relativt liten samanlikna med basiskomponenten, men vil vere svært viktig for å stimulere og halde oppe ekstern verksemd.

B) Kor mykje skal fakulteta behalde av årleg meir-/mindreforbruk og overskot av oppdragsverksemd for at det skal vere ein god balanse mellom fakulteta sitt sjølvstyre og styret sitt handlingsrom til ta institusjonelle og overordna val i organisasjonen?

Forskerforbundet stør prinsippet om at ein skal legge den nye ressursfordelingsmodellen relativt nære tildelinga frå departementet, samstundes som vi ikkje ønskjer at den skal førast ujustert ned på dei enkelte einingane (sjå svar på førre spørsmål).

Det er ikkje sett opp noko spørsmål om dimensjonering av felleskostnadar samanlikna med tildelingane til fakultetet. Vi vel derfor å kommentere det her. Det bør setjast eit styringsmål på kor mykje eller lite av felleskostnadene (modul 4) skal utgjere i høve til tildelingane til fakulteta.

1) Er budsjettfordelingsmodellen delt inn i formålstenelege modular?

Ser greitt ut.

2) Bør den strategiske modulen låsast til eit visst nivå pr. år? Kva nivå? 1% av tildelinga i 2017 er ca. 18 mill. kr.

Forskerforbundet meiner at den strategiske modulen som går til institusjonsnivået, må reduserast monaleg i høve til dagens 2,54 prosent – til dømes ned til 1 prosent. Dei resterende 1,54 prosentane bør leggjast inn i dei to modulane som blir fordelte til fakulteta (2 og 3). Fakulteta vil bli store og nokså ulike, og det vil vere strategisk viktig å gje dei større strategisk mynde enn kvar av dei langt mindre avdelingane hadde innanfor dei tidlegare høgskulane hadde. Dette myndet kan utøvast gjennom et fakultetsstyre. Det må i samband med dette avklarast kva strategisk ansvar som ligg til fakultets- og institusjonsnivået.

3) Er det formålstenleg at styret vurderer behov for utjamning innanfor den strategiske modulen?

Ja. Men vi meiner at ein må vere varsam med å justere modellen så mykje at den vert vanskeleg å skjøne og er lite føreseieleg.

4) Alternativt: Er det formålstenleg at delar av overskot på oppdrag og/eller delar av mindreforbruk av budsjett finansierer eit felles ‘fond’ til å dekke skiftingar i resultatbasert finansiering?

Forskerforbundet er usikker på i kva grad ein faktisk kan snakke om overskot på prosjekt. I ein del tilfelle er «overskot» i realiteten eit resultat av dårleg arbeidsplanlegging (tilsette får ikkje frikjøp og arbeidar overtid utan at dette vert godtgjort) og manglande kopling mellom arbeidsplanar og prosjektbudsjett. Vi etterlyser ein gjennomgang av resultata av oppdragsbasert verksemd i dei tre tidlegare institusjonane før ein tek for gitt at det kan bli overskot å snakke om. Om det skulle vise seg at ein etter ein slik analyse reelt har eit mindreforbruk, bør fakultetet kunne leggje det inn som ein del av langsiktig budsjettering. (Ved HiB har vi hatt slike resultat etter god inntening på BOA-aktivitetar.)

5) Vil 100% overføring av resultatbasert finansiering til fakulteta gi god kopling mellom KD sine insitament og HVL sin aktivitet?

Vi har ikkje inngåande kjennskap til alle sider ved KD sin modell, og synest difor at det er vanskeleg å vurdere om ein modell som skal syte for rett tildeling mellom dei ulike utdanningsinstitusjonane, er den rette modellen for å fordele ressursar mellom fakultet i HVL. Men prinsipielt trur vi det er viktig at fakulteta får overført ein monaleg del av «si» resultatbaserte finansiering.

6) Dersom fakulteta skal finansierast delvis av sin eigen resultatbaserte finansiering, kven skal finansierast av resten av resultattildelinga? Dei andre fakulteta, fellesmodul, strategisk modul? Korleis blir kopling mellom KD sine insitament og HVL sin aktivitet?

Spørsmålet er vanskeleg å forstå, men vi tolkar det som eit spørsmål om kva ein eventuell restpott av resultatbasert finansiering skal nyttast til.

7) Er KD-tildelte studieplassar eit objektivt kriterium for fordeling av basismidlar mellom fakulteta?

Basismidlane er den største modulen i den nye modellen, og dermed svært viktig for økonomien til fakulteta. Forskerforbundet meiner at tal studieplassar er eit viktig grunnlag for tildeling av basismidlar mellom fakulteta, men ser to viktige grunnar til at KD-tildelte studieplassar ikkje aleine er eit godt kriterium for denne fordelinga.

KD-modellen baserer løyvingane på tildelte studieplassar, men i realiteten skjer ein monaleg del av studiepoengproduksjonen utanfor desse rammene (i 2013  vart meir enn 20 prosent av alle avlagde studiepoeng i Noreg finansierte utanfor tildelingane, berre med den resultatbaserte komponenten. (kjelde: Forskerforbundets Faktaark_2014-01)). For desse studieplassane får institusjonane berre 40 prosent av kostnadane ved ein fulltids studieplass (studentar på marginalen). Vi kjenner ikkje til oppdaterte tal for vår eigen institusjon, men rår sterkt til at dette vert kartlagt for HVL, og at ressursfordelingsmodellen kompenserer for dette andsynes fakultet og institutt der dette er tilfelle. Overproduksjon av studiepoeng er ei belastning for fagtilsette og gjev dårlegare studiekvalitet for studentane sidan ein ikkje kan finansiere denne undervisninga like godt som undervisning knytt til tildelte studieplassar.

Vi vil også peike på at det ikkje treng vere samanheng mellom storleiken på studiepoengproduksjon og omfang og nivå på forskinga i dei ulike fagmiljøa. Tvert om finn vi fleire fagmiljø som køyrer studiar med låge måltal, men som samstundes har høg FoU-aktivitet i forskingsfronten både nasjonalt og internasjonalt. Ved dei største profesjonsutdanningane våre, ser FoU-aktiviteten ut til å vere noko lågare. Ei svært stram kopling mellom KD-tildelte studieplassar og tildelt løyving til fakulteta vil med andre ord ikkje målrette FoU-finansiering til dei miljøa som er gode på forsking, men heller gje FoU-midlar til miljø som er gode på undervisning. Vi meiner at ein må balansere løyvingane slik at ein både stør utvikling av FoU der det trengs, men at ein samstundes er bevisst på at ein skal styrkje spydspissane i institusjonen.

8) Bør delar av basismidlane fordelast på bakgrunn av andre kriterier, eventuelt ei fast grunntildeling til kvart fakultet?

Heilt grunnleggande meiner Forskerforbundet at det må lagast tydelege og transparente kriterium for fordelinga. Dei bør kombinere det faktiske talet på studentar på studia med ein buffer som hindrar for store svingingar frå år til år. Tydelege og transparente kriterium for fordelinga gjer drifta føreseieleg og vil bli opplevd som rettvis.

Vi vil peike på ein stor veikskap ved modellen, nemleg at han ikkje kompenserer for auka lønsutgifter som følgje av kompetanseheving i kollegiet. Dette er i direkte motsetnad til HVL sin ambisjon om å verte universitet, sidan det vil krevje eit stort kompetanseløft i svært mange av fagmiljøa våre. I dei årlege etatsstyringsmøta med departementet har låg kompetanse og liten forskingsaktivitet i mange år vorte peika på som ein veikskap ved alle dei tidlegare institusjonane. Når eit fakultet til dømes er så heldig at ein tilsett vert kjent professorkompetent, eller ein får tilsett ein professor i ei fagstilling, gjev det auka lønsutgifter, men samstundes mindre undervisningstid. Ressursfordelingsmodellen til HVL må derfor innehalde ein komponent som KD-modellen ikkje har. Vi rår til ein kompensasjon av auka lønnsutgifter som følgje av kompetanseheving til fakulteta på etterskot. Minimum må delen av resultatkomponenten for FoU overførast direkte til fakulteta og vidare ned til institutta som står for FoU-aktiviteten. Ein kan tenkje seg e «lønsutjamning» ut frå tal førstestillingar og professorar/dosentar. Ein kan også vurdere ei forsterking, t.d. at for kvar krone instituttet dreg inn på resultatbasert FoU, kjem det ei krone i tillegg. Dette kunne monna og vore med på å vege opp for meirkostnaden med å ha tilsette med fyrste- og toppkompetanse (som er dei som publiserer mest). Det bør altså innførast eit skilje mellom korleis ein fordeler resultatbasert FoU og resultatbasert utdanning.

Når ein diskuterer moglege tilleggskriterium for tildeling, kjem ofte praksiskostnader opp. Vi vil minne om at desse er tekne høgde for i budsjettmodellen (modul 2+3) i og med at utdanningar med praksis ligg i høgare kostnadskategoriar i tildelingane frå KD. Men utgifter knytt til undervisning som må gjevast utanfor klasserom (t.d. i frilufts- og idretts-studiar, i mange av naturfaga, samfunnsfag og KRLE) vert ikkje i det heile tatt kompensert for i KD sine tildelingar. I mange tilfelle er det ikkje mogleg å gje likeverdige undervisningstilbod på campus, slik at vilkåra for å ta betaling frå studentane ikkje er oppfylte. Vi meiner at slik undervisning bør utløyse tilleggsløyvingar, så lenge ikkje KD-modellen inneheld denne komponenten.

9) Jf. spørsmål 5. Bør omfang på administrative tenester ha eigne mål og dermed realbudsjetterast eller skal budsjetta henge saman med resultatutviklinga på fakulteta?

Vi ser det som naturleg at budsjetta for dei administrative tenestene er knytte til resultatutvikling både på fagavdelingane og i dei administrative tenestene. HVL er eitt lag, og vi er alle med på å den felles jobben med å gjere oss til ein attraktiv høgskule med høge studenttal, enten vi arbeidar med fag eller administrasjon. Ein modell der fagavdelingane får ressursar etter resultat, medan administrative tenester ikkje er det, kan skape ei «dei og oss»-oppleving. Både fag og administrasjon må dimensjonerast etter studenttal, men det er viktig at modellen ikkje er slik at alle endringar slår fullt inn i sanntid (sjå svar på overordna spørsmål A). Vi byggjer opp ein administrasjon med høg fagleg kompetanse, og dette må det også takast omsyn til iht. lønskostnader.

HVL har ein relativt slank administrasjon. Dette er i tråd med føringane frå departementet og avbyråkratiseringstiltaka som har vorte utført dei siste åra (5 % kutt i løyvingane). Vi meiner at ein skal arbeide for å halde tilhøvet mellom fagtilsette og administrativt tilsette på det nivået det er i dag. All forsking viser at fusjonar fører til stor auke i det administrative leddet. Vi meiner at ein bør vurdere å diskutere eit forholdstal mellom fagtilsette og administrativt tilsette.

10) Bør større investeringar i utstyr og infrastruktur bli finansiert som ein del av ein fast modell eller som ei skjønnsmessig tildeling/realbudsjettering?

Dei ulike fakulteta vil ha ulik trong for utstyr. Til dømes vil FHS sine tekniske hjelpemidlar, FLKI sin idretsslab, FIN sine ulike laboratorium og FØS sitt utstyr til nautikkutdanninga ha ulike behov for fornying. Det kan også vere for å oppnå mål i plattform/profil dokument/strategisk plan. Då vil ei skjønnsmessig tildeling vere mest gunstig.

11) Skal det fastleggast prinsipp om å vidareføre den resultatbaserte tildelinga i fakultetet til dei konkrete studia/fagmiljøa som har bidrege til inntektene? Kva positive/negative konsekvensar kan det ha ? Høyringsnotat Budsjettfordelingsmodell HVL August 2017 25

Ja. Dette trur vi er viktig for den vesle delen av resultatbasert tildeling som kjem frå FoU-aktivitet. Dei fagmiljøa som har gjort ein innsats, vil slik bli sett og det vil gje insitiv til aktivitet. Men resten av den resultatbaserte løyvinga, særleg delane basert på studentproduksjon, bør regulerast slik ein unngår for store uføreseielege svingingar frå år til år.

12) Resultatbaserte inntekter består i liten grad av inntekter frå FoU-inntekter, langt mindre enn det fakulteta må nytte til FoU. Korleis skal ei eventuell vidareføring av resultatinntekter sjåast i samanheng med ressurstildeling til utdanning og FoU?

Dette er eit viktig spørsmål, sjå svaret vårt på punkt 7.

Vi må passe oss slik at ikkje alle ekstra midlar går til FoU. Inntekter frå eksternt finansiert undervising kan med fordel gå til tiltak som fokuserer på undervising og lærebokutvikling.

13) Skal det fastsetjast prinsipp for budsjettfordeling/disponering på fakultetsnivå? Dvs. kva føringar skal leggast på dekan si mynde til å disponere fakultetet si budsjettramme ned på neste nivå og fordelt ut på campus?

Som vi peikar på i punkt 2, vil fakulteta bli store og nokså ulike, og det vil vere strategisk viktig å gje dei større strategisk mynde enn kvar av dei langt mindre avdelingane innanfor dei tidlegare høgskulane hadde. Det må i samband med dette avklarast kva strategisk ansvar som ligg til fakultets- og institusjonsnivået. Men grunnleggjande meiner vi at styret bør fastsetje prinsipp for budsjettfordeling/disponering på fakultetsnivå for å sikre føreseielegheit i fagmiljøa. Desse prinsippa skal ikkje leggje opp til detaljstyring, men nettopp ha som overordna mål å sikre stabilitet og langsiktigheit i drifta. Vidare meiner vi at fakulteta skal ha avgrensa rom for å styrkje aktiviteten på somme studiestader på kostnad av andre. Fordelinga av aktiviteten på dei ulike studiestadene er eit viktig overordna strategisk spørsmål som ligg til styret. Det kan til ei viss grad delegerast til eit fakultetsstyre.

Modellane tekje ikkje opp spørsmålet kring geografi. Forskeforbundet er uroa for omsyn til fakultet med mange campus, her er det utfordringar med reise, reisetid og administrasjon.

14) Synspunkt på korleis ein kan sjå økonomiske resultat av BOA-aktivitet i samanheng med budsjettfordeling av KD-inntekter?

Dersom ein ønskjer å auke BOA-aktiviteten, vil det vere fornuftig å vurdere ei forsterkingsordning – t.d. 20 øre tilført gjennom budsjettmodellen for kvar BOA-krone ein får inn.

15) Synspunkt på arbeidsgruppa sitt forslag til løysing for meir/mindreforbruk av eit års budsjettramme

Som nemnt under overordna spørsmål A, har mange institutt liten erfaring med god budsjettering fordi dei har fått tildelingar gjennom komplekse ressursmodellar som har øyremerka midlar til ulike føremål. Ein bør derfor auke kompetansen på økonomistyring i dei ulike einingane, uavhengig av kva modell ein vel. Det vil vere eit viktig første steg på vegen mot å unngå meirforbruk av budsjettrammene.

Side 11 står det spørsmål om kor midlane til stipendiatane skal gå. Generelt meinar Forskerforbundet  at pengestrømmen bør følgje den faglege og administrative leiinga, i dette tilfelle bør då midlane til stipendiatutdanning gå til fakulteta.

Med vennleg helsing Forskerforbundet ved HVL.