Til stades:
Gjert Anders Askevold, leiar
Kirsti Angvik Frugård, nestleiar
Gunnar Onarheim, nestleiar
Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN
Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP
Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS
Ragnhild Ihle, klubbleiar FF-FHS
Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI
Sak 1. Godkjenning
av innkalling og sakliste, samt referat frå 23.04.18 og 15.05.18.
Innkalling,
sakliste og referat vart godkjende utan merknader.
Sak 2. Nytt
frå nær-regionar og klubbar.
Nær-region Bergen
OU-seminaret i Balestrand vart avvikla med 23 deltakarar og eit godt program.
PP blir lagt ut.
Gjert Anders har elles delteke i fleire jobbintervju, arbeider med førebuing
til IDF-møte måndag 18. juni, og informerte om at FoU-tid-gruppe er sett ned :
FF stiller på verksemdsnivå.
Nær-region Stord-Haugesund
Kirsti orienterte om at dei tilsette er særs opptekne av
ressursfordelingsmodellen, samt saka om tildeling av FoU, og nye stillingar,
der alle faste tilsetjingar krev 1. kompetanse. Det blir lyst ut mange
midlertidige stillingar. Det er viktig at medlemmer ikkje tek på seg meir
arbeid enn full arbeidsplan.
Nær-region Sogn og Fjordane
Tilsette som deltok på seminaret i Balestrand gir gode tilbakemeldingar på
program og gjennomføring. Gunnar deltok elles på FF-kurset Administrativt
lokallagsarbeid i Oslo 12. juni, og anbefaler kurset.
Klubb FF-FLKI
Ressursfordelingsmodell har vore til drøfting på ID-møte fleire gonger. Dekan
har no teke ei beslutning som mellom anna medfører ei flat tildeling per 15
stp, omfordelingspott, samt også trappetrinnsmodell som gir større uttelling
ved stigande studenttal. Modellen har ført til mykje forvirring og diskusjon. Sakspapira
var utydelege, til dømes om det som gjeld omfordelingspotten, som kan gi midlar
til krevjande emne, som ved delte grupper (kunst og handverk, idrett, drama).
Styret drøfta saka.
Av andre saker er klubben opptekne av korleis «skyvetimar» eller meirarbeid som
har bygd seg opp over tid skal avviklast. Her er det stor usemje. I samband med
oppussing av Gymnasbygget vil dei tilsette ikkje akseptera avgrensinga til 4,5
kvadratmeter per tilsett.
Klubb FF-FHS
Det er misnøye blant medlemmene med omsyn til ein situasjon som er prega av usikker
bemanning og utlysingar av midlertidige stillingar. Medlemmene er skeptiske til
situasjonen frå semesterstart.
Ragnhild er blitt med som fagtilsett i ei gruppe som skal arbeide med
Læringslab K2.
Klubb FF-FIN
Drøftingsmøter med dekan: klubben vil arbeide for muligheten til påverknad på
instituttnivå.
Klubben vil også arbeide meir med arbeidsplanar, mellom anna bør det
omfordelast mellom emne ut i frå bruk av lab etc. Det er også særs sentralt å følgja
med på tilsettingar. Det er særs uheldig dersom andelen midlertidige stillingar
aukar.
Klubb FF-FØS
Som nytt fakultet med nye leiarar, er klubben oppteken av at leiarar treng opplæring
i kva det betyr å leia i UH-sektoren.
FoU-tid er fordelt flatt i forhold til stillingskategori. Klubben er uroa med omsyn
til ressursen for høgskulelektorar.
Formidling av informasjon på nettsidene til fakultetet er endå ikkje
tilfredsstillande, mellom anna frå IDF-møter.
Klubb FF-TAP
Klubben har eit sterkt fokus på bemanningsplanen som medlemmene våre framleis
ventar på.
TAP er også opptekne av bruken av midlertidige stillingar.
Møte måndag 11. juni om «Muligheter og
rettigheter i den nye bemanningsplanen og innplasseringsprosjektet for teknisk
administrativt ansatte ved HVL» vart gjennomført med god deltaking. Advokat Hildur N. Nilssen innleia
frå Forskerforbundet på campus Bergen, og møtet vart overført til interesserte
på alle campus.
Sak 3. Informasjonssaker
a) Undersøkings av tidsregistrering
blir følgt opp. HVL vil frå hausten legge opp til modellen frå Bergen: vi skal
registrere når vi ikkje er til stades. FF-medlemmene er delte i synet på denne
saka. TAP vil framleis registrere tida si. Mange medlemmer blant dei vitskapleg
tilsette i nær-region Sogn og Fjordane nøgde med registrering i ESS, det same
gjeld i nær-region Stord-Haugestund.
b)
Neste FF-FLKI-styremøte blir i Bergen.
Sak 4. Drift
av lokallaget
a) Workshop
om lokallagsarbeid? Styret vil legga opp til eitt styremøte hausten 2018 med
fysisk frammøte for alle, der vi kan arbeide meir detaljert med drifta av
lokallaget.
b) Heimesida
ved FF-HVL. Korleis nyttar vi denne, og korleis skal den utviklast? Styret
drøfta saka. Det er semje om at vi må oppdatere heimesida meir systematisk, og
at den må gjerast betre kjend blant medlemmene.
c) Klubbleiarane
oppmoder den enkelte til å gå inn på «Min side» på FF sine sider og oppdatere
sin informasjon.
d) E-postlistene:
Klubbleiarane hentar ut lister frå forskerforbundet.no og oppdaterer listene
snarast mogeleg.
Sak 5. OU-seminar
Stipendiaters
rettigheter. Dags-seminar. Ansvarlege:
Gjert Anders, Kirsti og G.O.: NOK 40 000.
Stad: Bergen. Dato: 8. november.
Klubb
FLKI og kulturbygging. . Ansvarlege: Hege og Andrea (klubbleiar og nestleiar)
blir samde om ein dato og ein stad under komande styremøte i Bergen. NOK 130 000.
Lunsj til lunsj.
Klubb
FIN/FØS og kulturbygging: Oktober. Ansvarlege: Alvhild og Kristin. Veke 41, 42,
eller 43.
Neste
skritt for lokallaget: Svalbard, September. Ansvarlege Leiar + nestleiarar. Veke
37 torsdag til søndag.
Klubb
FHS: oktober eller november 2018. Klubbleiar tar ansvar for dato og arr.
TAP:
OU-seminar i løpet av hausten. Tema: kompetanseheving.
Reiskap
og påverknad: Vilnius.
Sentral/lokale
lønsforhandlingar. Datoar blir sett før sommarferien.
Sak 6. Diskusjonsforum
på hvl.no
Eit diskusjonsforum
på hvl.no er bra, men er dette synleg nok? FF vil støtta Skjerdal sitt innspel
om å få dette tydelegare fram for dei tilsette. Sak til IDF: spørsmål til
leiinga.
Sak 7. HVL
sin politikk med omsyn til tilstedeværelse på arbeidsplassen.
Ved tilsetjingar er
dette krevjande, og eit dilemma for fagforeningar. Kva skal vera vårt
prinsipielle synspunkt? Saka blir tatt opp att på neste møte.
Sak 8. Saker sendt til
IDF-møtet 18. juni 2018.
Opprykk som blir markert på Vestibylen,
blant anna professorar.
Når ein framhevar
enkelttilsette er det veldig fint, men også sårt om ein gløymer nokon som
meinar dei burde blitt framheva, og ikkje blir det.
-
Kva
er praksis her? Blir alle nemnt? Her bør det være standardar slik at alle
professor/dosentopprykk kjem med når ein har ordninga.
-
Kva
skriv ein om? Har ein ei fast spørsmålsrunde, eller er det tilfeldig kva som
blir skrive ut frå enkelttilfeller? Her bør det være eit standardoppsett.
Innføring av aktivitetsbaserte arbeidsplassar
utan brukarmedverknad i Sogndal
Det er komne
sterke reaksjonar blant dei tilsette i Sogndal ved FLKI på storleiken på dei
opne kontorlandskapa i Gymnasbygget. Gymnasbygget avvik frå normen om 6m2 pr.
kontorplass, noko som er anbefalt av arbeidstilsynet og som har vore gjeldande
praksis for opne kontorlandskap. Tillitsvalde er ikkje tekne med i denne
avgjerda. Forskerforbundet ber derfor om ei forklaring på kvifor ein meiner det
er forsvarleg at ein avvik frå arbeidstilsynet si forvaltningspraksis når det
gjeld tilsette sine arbeidsvilkår ved FLKI ved campus Sogndal.
Vurdering av lønnsplassering etter eit år.
Spesielt
TAP-tilsette, men ikkje avgrensa til dei, opplever at paragrafen HTA 2.5.5
punkt 3 ikkje blir nytta. Det er argumentert med at innplasseringa ikkje er
ferdig. Forskerforbundet meinar at denne paragrafen bør sjåast som uavhengig
innplasseingsprosjektet.
Sak 9. Styresaker til HVL-styremøtet 20.-21.06.18.
Styret drøfta nokre av sakene.
46/18 Revisjonsberetning: ingen merknader frå FF.
47/18 Ramme for studieportefølgjeutviklinga: arbeidsgruppe. Inga avgjersle. Samansettinga av gruppa synest å
vera særs topptung. Alvhild: desse sakene treng vi å diskutere på førehand på
fakultets- og institutttnivå. Kva med reprensentasjon frå tIlittsvalde og
fagleg tilsette?
48/18 Nye studietilbod ved HVL frå 19/20. Her saknar vi også eit høve til
diskusjon på førehand.
49/18 Campusutvikling HVL. Strategisk arealplan i det lange perspektiv.
50/18 Tilbygg Haugesund
51/18 Instruks for fagleg leiing. Instruks for rektor. Leiar ber om innspel før
møtet.
52/18 Fullmaktsstruktur. Sendt ut i går kveld.
53/18 Akkreditering av master i «Marketing and Innovation».
54/18 Oppnemning av studentrepresentantar til styrer, råd og utval.
55/18 Strategiprosessen – løypemelding juni 2018.
56/18 Utvikling av kvalitetssystem ved HVL
57/18 Oppfølging av Meld. St. 25 (2016–2017)
Humaniora i Norge ved HVL.
58/18 Tilstandsrapport for høgare utdanning 2018 - hovudtal og tendensar for
HVL.
59/18 Søkertall og status for rekrutteringsarbeidet for studieåret 2018/2019
Sak 9. Neste møte.
Torsdag 23.
august 2018. Det blir lagt opp som eit dags-seminar på Flesland.
Sak 10. Eventuelt
Ingen saker.
Ref: G.O.
030818