Referater lokallagstyret‎ > ‎2018‎ > ‎

08/18 Utvida styremøte i Forskerforbundet ved HVL, 23. august 2018

Refererat frå utvida styremøte i Forskerforbundet ved HVL, 23 august 2018. 

Til stades: 

  • Gjert Anders Askevold, leiar 
  • Kirsti Angvik Frugård, nestleiar 
  • Olav Christian Ruus, vara for nestleiar 
  • Gunnar Onarheim, nestleiar 
  • Monika A. Reime, vara for nestleiar (via Skype) 
  • Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN 
  • Gisle Kleppe, klubbstyremedlem, FF-FIN 
  • Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP 
  • Hedvig Rørvik, klubbstyremedlem FF-TAP 
  • Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS 
  • Ragnhild Ihle, klubbleiar FF-FHS 
  • Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI 
  • Andrea Eikset, nestleiar klubb FF-FLKI

Sak 1. Nytt frå nær-regionar og klubbar. 

Nær-region Sogn og Fjordane
I samband med innplasseringsprosjektet har nestleiar etter oppfordring frå FF-medlemmer delteke på ni kartleggingssamtalar for bibliotektilsette ved campus Sogndal og campus Førde.
Nestleiar har elles arbeidd med rekruttering av nye FF-medlemmer, samt delteke på møte med HVL-leiing og inviterte eksterne gjester under semesteropninga 15. august. 

Nær-region Stord Haugesund
Innplasseringsprosjektet: Frustrasjonen i administrasjonen og i FLKI Stord er stor. Fleire tilsette har sagt opp. Det er likevel store forskjellar mellom institutta.

Nær-region Bergen
Leiar har fanga opp situasjonen på FLKI, der mange medlemmer uttrykker frustrasjon i samband med endringar i fordeling av undervisningsressursar. Leiar har mellom anna sendt brev til dekan, for å understreka alvoret i situasjonen. 

Klubb FF-TAP
Dei tilsette er midt i innplasseringsprosjektet. Dette blir neppe ferdig før oktober. Det er fleire stillingar enn det er tilsette i dag; dette vitnar om at det er mange oppgåver som skal fordelast på få personar.

Lønn er også eit sentralt tema. Vi manglar framleis lønspolitiske retningslinjer/lønspolitisk plan. TAP har gitt innspill til HVL.
Klubb FF-TAP arrangerer seminar på Bekkjarvik i september om korleis du kan skriva søknader om lønn. Betingelsen for deltaking er at medlemmene kan bringa kunnskap vidare, og rettleia andre.

TAP har også tatt kontakt med og sendt brev til organisasjonsdirektør Båtsvik i juni angåande mellombels tilsette; kven får forlenga, kven får ikkje? Jfr treårsregelen. TAP har ikkje motteke svar på dette brevet.

Klubb FF-FLKI
Semesterstarten vart som forventa dramatisk på FLKI, grunna kutt i undervisningsressursar som vart offentlegjort før ferien. Ekstra IDF-møter har blitt arrangert kvar veke. BLU har reagert sterkt på ressursfordelingmodellen basert på KD sin modell. Medlemmer har vore sterkt frustrerte over dette. Nokre medlemmer søker jobb på UiB.
Det vart også gitt ein pott til instituttleiarar, noko som kanskje ikkje var hensiktsmessig. Utjamning av ressursar mellom leiarar har gitt endringar som har vore utfordrande. Dekanen har delt ut ekstra ressursar i to omgangar etter trykk frå fleire fagforeinngar.
Ruus: det er ei stor utfordring at dei tilsette er spreidde på mange institutt. Ulike fag får ulikt nivå på ressurstildelinga. Instituttet sin autonomi er noko som bør problematiserast. Saka har gått for raskt. Studentmedlemmer bør informerast og mobiliserast. Det er framleis ein kriseliknande tilstand på FLKI.

Klubb FF-FIN
Klubben er komen i gang, og er nøgde med prosessen så langt, som har gitt eit klubbstyre beståande av Berge, Kleppe, Gasser, Bjørkhaug Gundersen og Bjørkum. Klubbleiar oppfordrar alle til å lese kvarandre sine møtereferat, for slik å bidra til å finne fram til gode felles saker i HVL.
Nokre saker:
Arbeidsplanarbeidet: FIN har så langt ikkje opplevd store bølger knytt til dette arbeidet, dels grunna tidlegare gjennomarbeidd system.
Lønnsforhandlingar: individuelle eller ikkje? FIN forstår behovet for individuelle forhandlingar, men at det kanskje kan vera eit alternativ med grupper, evt. ein form for kombinasjon.
Medlemslister/epostlister: må framleis oppdaterast.
IDF-møter med dekanen: blir arrangert umiddelbart etter at sakspapirer er tilgjengelege. Medbestemmelse på instituttnivå: dette er ein sak FIN framleis arbeider med. FF bør vera representerte på desse møtene : ledermøter på instituttet. Dekan er positiv, og ønskjer å ta dette opp igjen. FLKI har fått melding om at dette er ei sak som skal avgjerast på HVL-nivå.

Klubb FF-FØS
To saker som engasjerer medlemmene for tida: På kva måte skal undervisningsarbeid i helgane godtgjerast?
Kva gjer vi med for mange timar/plusstimar på arbeidsplanane?

Klubb FF-FHS
Sammenslåing av studieplanar: sosialt arbeid og verneplei ved campus Bergen og campus Sogndal skal slåast saman frå 2019. Dette er ein sak som engasjerer. Ihle er representant for dei tillitsvalde i samanslåingsprosjektet.
IDE-møter på fakultetet: Berre FO, Sykepleierforbundet og FF er store nok til å møte på IDF-møter; FF saknar repr frå mindre forbund: skal vi lage eit formøte, evt rekruttere desse til FF? Kva med dobbeltmedlemsskap?
Leiarstruktur: Dekanen har tatt opp spørsmålet om eit femte nivå under fagseksjonsleiar.


Sak 2. Skyvetimar og meirtid
v Hege Gjerde Sviggum
IDF-møte før ferien diskuterte «avvikling av skyvetimar» grunna opphoping av eit stort tal timar. Meirarbeid, overtid eller kva?

Alt som inkluderte meir- og overtid var inkludert.

Dekan ville løysa dette ved at tilsette fekk utbetalt overtid for dei som hadde ein kontrakt om pålagt overtid , avgrensa til 2017/2018.

Dei som ikkje hadde ein kontrakt om overtid, kunne få desse overført til FoU-timar. Tilsette i Sogndal ser på ekstraarbeid og plusstimar som overtid. Kjelda til oppsamla skyvetimar kjem i stor grad frå campus Sogndal.
Framover: ikkje overtid, ikkje meirtid. Ekstra timar frå berre eitt år kan bli overført som FoU-timar komande år.
Rektor har avgjort at dekan på FLKI sitt framlegg skal ligga til grunn. 

FF sentralt seier at det er ulovleg å stryka overtid frå før 2016. FLKI Bergen: har ikkje hatt tilsette med pålagt overtid, med nokre få unntak for folk nær leiinga. Tariffseksjonen i FF seier at avtalen for framtida ser tilfredsstillande ut; ingen tariffstridige punkt der.

Styret drøfta saka. FF ønskjer å koma fram til ein omforeint måte å avvikla skyvetimar på, slik at vi kan «starte på nytt».

Tilsette blir ofte spurt om å ta på seg oppgåver som gjer at ein får for mykje på arbeidsplanen, utan at det er pålagt overtid. Dette skaper meirarbeidsbelastningar og skjuler behovet for fleire stillingar. Målet må væra at tilsette ikkje skal ha ein arbeidsplan utover 100%, og tilsette bør heller ikkje skyve på FoU tid. Overgangen til eit nytt system er det som må løysast no.

Vi mangler en lokal særavtale. Dette gjer at ein ikkje får betalt ekstra for arbeid på kveldar og i helger. UiB og NHH har slike avtalar.

Vi må også se saka i samband med tilsettingspolitikken i HVL.

Sak 3. Rekruttering av nye FF-medlemmer
Status: arbeidet er i godt gjenge.

Medlemsrøkt: Gåve til alle: budsjett på 140 000. Skrivebok + penn til alle medlemmer.

Stand på alle campus, evt kalle inn til eit møte. Dato blir sett lokalt.

Sak 4. Korleis kontaktar medlemmen Forskerforbundet? Korleis informerer vi?
Saka vart utsett.

Sak 5. Handsaming av styresaker.
Saka vart utsett.

Sak 6. Økonomi.
Saka vart utsett.

Sak 7. Status OU-seminar
FLKI: 22-23 november: Medbestemming. Korleis skal FF-FLKI fungera?

FHS: vanskeleg å finne dato. Måtte avlyse møte 22. august. Vi manglar ein dato for eit oppstartmøte for klubb FF-FHS.

FF-HVL vil arrangere tre OU-seminar om lønnsforhandlingar og individuell søknadsskriving første halvdel av september. Program: lunsj-seminar-middag. Vegard Thorbjørnsen: Sogndal og Bergen, Jorunn Solgaard: Stord/Haugesund. Leiar sjekkar aktuelle datoar.

Sak 8. Lønspolitikk/lønnspolitiske retningslinjer ved HVL
Styret fekk ein kort presentasjon av dei lønspolitiske retningslinjene/planane frå dei tre tidlegare institusjonane.

«Førebels lønnspolitikk for HVL» datert 16.10.2017 vart også lagt fram og kommentert.

Prosessen vidare: lønnsforhandlingane blir ekstra krevjande dette året grunna dei eksisterande lønnsforskjellane mellom dei fusjonerande institusjonane.

Vi skal ikkje bruka dei lokale lønnsforhandlingane til å utjamne forskjellar mellom dei fusjonerande høgsklane. Arbeidsgjevar må gjere dette med andre virkemiddel.

Førebuande møte er gjennomført. Potten er på 15 651 755 kr (LO, Unio/YS).

Tilsette i mai er ikkje med i forhandlingsgrunnlaget, men skal vera med i forhandlingane.

Frist: 31 oktober.

Førebuande møte 20. august

5. oktober: kravsfrist – frist for tillitsvalde å sende inn prioriterte 2.5.1-krav. Kravene må begrunnes med henvisning til lønnspolitisk plan.

10. oktober må FF vera ferdige med kravslistene: sekretær utveksler kravslister mellom arbeidsgiver og tillitsvalgte.

Første tilbod: 19. oktober.

Forhandlingsmøter: 24. oktober, evt pluss 25. oktober. Frist 31. oktober.

Forhandlingsdelegasjon frå FF HVL

Leiar, nestleiarar samt klubbleiarar evt nestklubb-leiarar klubbane.

Klubbstyra må også vera tilgjengelege 24. og evt. 25. oktober.

Lokallagsleiar sender ut invitasjon til søknader (lønspolitiske retningslinjer må vera klare først).

Frist for krav inn til Forskerforbundet ved klubbane (klubbleiarar): 19. september.

Nestleiarar rangerer krav frå klubbleiarar

Leiar rangerer krav frå nestleiar.

Klubbane rangerer

Første og andre oktober: listene frå klubbane må vera klare.


Ref: G.O. 25.09.201