Referater lokallagstyret‎ > ‎2018‎ > ‎

10/18 Referat frå styremøte 19. oktober 2018

Saksliste FF styremøte 19.10.18

Refererat frå styremøte i Forskerforbundet ved HVL, 19. oktober 2018. 

Til stades: Gjert Anders Askevold, leiar Gunnar Onarheim, nestleiar Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI

Forfall: Kirsti Angvik Frugård, nestleiar Ellen Johanne Svendsbø, klubbleiar FF-FHS

1. Godkjenning av referat. 

Referat frå styremøte 23.08.18 vart godkjend.

2. Runde rundt bordet:

a. Nær-region Sogn og Fjordane: OU-seminar om lønnsforhandlingar vart gjennomført 13/9-18 med tilfredsstillande deltaking – 28 påmelde – og gode tilbakemeldingar. Samtidig er det eit stort potensiale for høgare deltaking, med tanke på at medlemstalet på campus Sogndal ligg rundt 130.

b. Nær-region Bergen: gåver til medlemmene er tinga og er klare til utlevering, OU-seminar om lønnsforhandlingar er gjennomført ved campus Bergen, enkeltsaker, i tillegg til utstrakt møteverksemd og arbeid i samband med lønsforhandlingane.

c. Nær-region Stord-Haugesund: ikkje representert i møtet.

d. FLKI: lønnsforhandlingane har vore sentralt i arbeidet i det siste. FF var ikkje representert på førre ID-møte med dekanen. Fordeling av kontorplassar på Bragebygget i Sogndal var eitt tema der. Saka om fordeling av FoU-tid har vore lite diskutert blant medlemmene, kan det verka som; medlemmer på FLKI kjenner at ein ikkje er med der beslutningane blir tekne. Institutta har hatt lunsj til lunsj samlingar. Dette er nyttig som møteplassar, men medlemmer gir uttrykk for at desse møta kan bli for lite faglege. Nokre tilsette opplever at ein ikkje får kontakt med institutt- og fakultets-leiing. Dette medfører frustrasjon. Arbeidsplanar er lova klare i slutten av oktober.

e. TAP: ID-møte er avtalt i dag. Dette er positivt, men mange opplever at ein får lite informasjon. Innplasseringsprosjektet skulle væra gjennomført medio oktober. Lønnsutviklinga for TAP er for svak, ikkje minst manglar det tydelege alternative karrierevegar for mange grupper i klubb TAP. Leiar har hatt kontakt med jurist i FF sentralt, for å få støtte når det kjem til at tilsette eventuelt skal svara på innplasseringa si, der dei har ein frist på ei veke.

f. FIN: IDF-møte med dekan hadde oppe fleire saker, særskild om lønnsforhandlingar og FoU-tid. Det kan sjå ut til at FIN er for meir differensiering av FoU-tid mellom stillingsgrupper enn andre fakultet. Dette er ikkje ferdig diskutert. Ein annan krevjande sak er reduksjonen av tal institutt frå sju til fem. Storleiken vil bli særs ulik; dette gir grunn til uro.

g. FØS: Lønn har naturleg nok vore eit tydeleg fokus i det siste. Klubben prøver elles å få til eit kurs om spelereglar for korleis IDF-møter på fakultetet skal gjennomførast. Elles vert det arbeidd med prinsipp for arbeidsplanar, mellom anna om innsyn. OU-seminar for FØS blir arrangert 22.-23. oktober i samarbeid med klubb FIN.

h. FHS: ikkje representert i møtet.

3. Saker til IDF-møte måndag 22.10.18

Oversyn over slutta og tiltrådte tilsette; sju av desse er midlertidige. FF arbeider generelt for å redusera bruken av midlertidig tilsette. Val av verneombod og hovudverneombod; leiar gjorde greie for alternative prosedyrar for å velje ut verneomboda. Styret drøfta saka. Leiar tek kontakt med hovudverneombodet for å orientere seg vidare. Trening i arbeidstida; 1,5 time per veke; styret sa seg nøgd med framlegget. Velferdsmidlar og arbeidsmiljøtiltak: styret problematiserte nokre moment knytt til kva typar tiltak som bør prioriterast, og korleis arbeidet skal organiserast. Styret er opptekne av at tiltak skal fremja arbeidsmiljøet og væra tilgjengeleg og attraktive for flest mogeleg av dei tilsette.

4. HVL-styresakene

utsett.

5. Søknader om midlar

a. OU-seminar, førebels gjennomgang av mogelege søknader: FF-HVL har hatt eitt medlemsseminar med invitasjon til alle i 2018(Balestrand), dette ønskjer styret å vidareføre. Det same gjeld kvinnenettverket, under føresetnad av at dette blir utvida til å gjelde heile HVL. Søkar er gjort merksam på dette. I møte kom det elles framlegg om seminar med tema «FoU på ein fleircampusinstitusjon», samt tema for eit seminar på TAP, eit styreseminar for lokallaget, samt seminar i kvar nær-region, til dømes for sentrale og lokale lønnsforhandlingar. Frist for søknader er 15. november. Styret drøfta også andre framlegg til ulike typar seminar som FF-HVL vil søke på.

b. Prosjektmidlar; 50 000 står ubrukt. Dette kan til dømes brukast til seminar i haust, eventuelt 26. november.

6. Lønnsforhandlingar 2018:

Leiar gjorde greie for prosessen så langt. 2.5.3-forhandlingar vart gjennomførte tysdag 16.10.18 denne veka. Protokoll er ikkje motteken så langt. Første tilbod knytt til 2.5.1 kjem frå arbeidsgjevar 19.10.18. FF har meld inn behov for fem bisittarar; ein frå kvar av dei fem klubbane.

7. Eventuelt

a. Julebord 26. november. Leiar og nest-leiarar arbeider vidare med organisering og opplegg.

Referent: G.O. 23.10.2018