Referater lokallagstyret‎ > ‎2018‎ > ‎

11/18 Referat frå styremøte 26. november 2018

Referat frå utvida styremøte i Forskerforbundet ved HVL; måndag 26. november 2018. 

 

Til stades:  
Gjert Anders Askevold, leiar 
Kirsti Angvik Frugård, nestleiar, nær-region Stord/Haugesund 
Olav Christian Ruus, vara for nestleiar, nær-region Stord/Haugesund 
Gunnar Onarheim, nestleiar, nær-region Sogn og Fjordane 
Monika A. Reime, vara for nestleiar, nær-region Sogn og Fjordane 
Ellen Johanne Svendsbø, klubbleiar FF-FHS 
Ragnhild Ihle, styremedlem FF-FHS 
Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN 
Deta Gasser, nestleiar FF-FIN 
Hedvig Kristin Rørvik, nestleiar FF-TAP 
Andrea Eikset, nestleiar FF-FLKI 
 
Forfall: 
Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP  
Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS  
Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI  
 
1.       Godkjenning av innkalling og sakliste. 
Innkallinga og saklista vart godkjende. 

a.       Saker til eventuelt: ingen. 


2.       Runde rundt bordet 

 a.     TAP 

Omplasseringsprosjektet: bemanningsplanen er på plass. Veldig mange er ikkje nøgde. HVL manglar 60 administrativt tilsette. HVL ligg lågt nasjonalt med omsyn til forholdstal mellom administrativt tilsette og fagtilsette. Klubben er uroa over situasjonen for TAP-tilsette. Både leiarar og tilsette treng meir opplæring i rettar og plikter. Dei tilsette synest nøgde etter dei lokale lønnsforhandlingane. Klubben har ikkje motteke meldingar om misnøye med resultatet. Klubben er elles uroa over at klubbleiar i klubb FF-TAP ikkje får akseptabel tilrettelegging for å kunne utføra oppgåvene sine som tillitsvald.  


b.      FHS 

Klubben måtte avlyse OU-seminaret for klubben etter skuffande låg påmelding. Klubbleiar har vore på kurs hjå FF sentralt om lokallagsarbeid, og ønskjer å skipa til lokale seminar med deltaking frå FF sentralt, som eit forsøk på å oppnå betre oppslutning frå medlemmene. Mange medlemmer er misnøgde med funksjonen for og tilgjengeligheten til nye leiarar, både administrative og faglege leiarar. FF vil be om stillingsbeskrivelser for leiarar generelt. På einskilde institutt opplever medlemmene likevel at ny leiarstruktur fungerer godt. 


ID-møte med dekan er krevjande, med tanke på at omfattande sakspapir vert gjort tilgjengelege fredag før møte påfølgande måndag. 


Samordning av studieplanar vil etter kvart medføre undervisningsoppgåver på andre campus for dei fagtilsette. I kva grad kan arbeidsgjevar pålegge tilsette slike oppgåver? 


c.       FIN 

Klubbleiar viste til referat frå førre klubb-styremøte 8. november. Tid til forsking og utvikling var ei sentral sak på dette møtet. Innspelet frå klubben vart teke vidare og innarbeida i innspelet frå Forskerforbundet. 

Areala i det noverande Mohn-senteret i Fabrikkgaten 5 var ei anna sentral sak på dette møtet (sjå klubbreferatet). 

Med omsyn til medråderett i saka om reduksjonen frå 7 til 5 institutt er klubben ikkje nøgd med prosessen med omsyn til samanslåinga av dei aktuelle institutta. 

Klubben er oppteken av å vidarutvikle klubben gjennom tildømes medlemsmøter og OU-seminar. 

Klubben ønskjer ein gjennomgang og evaluering av lønnsoppgjeret. Arbeidsgjevar må kunne hjelpe forbundet med meir statistisk materiale her, særskild i forhold til å avdekke urimelege lønssforskjellar. Klubben ønskjer også ein gjennomgang av kriteria i HVL sin lønnspolitikk. 

Haust-gåva: Ein del medlemmer reagerer negativt på gåver generelt. Dei ønskjer heller å bruke ressursane på andre tilbod, til dømes korte seminarer med relevant innhald, enn å bruke midlar på ting.  


d.      FØS 

Klubben har mellom anna arbeidd med medråderett, fordeling av FoU-tid, og synleggjering i det siste. Klubben er også merksame på at medarbeidarsamtalar har vore mangelfullt gjennomført etter fusjonen. 


e.      FLKI 

Klubben gjennomførte OU-seminar med ca 20 deltakarar førre veke.  

Innspel til fakultetsleiinga blir ofte ikkje tekne vidare, eller innarbeida i høyringar til leiinga. Klubben har arbeidd med å utvikle kommunikasjonen med leiinga. 

Grensa for tal studentar i forhold til kva emne/program som skal bli tilbydd er ei sentral sak. Mange er uroa for sine program og emner, også på masternivå. 

Mykje av kommunikasjonen mellom leiing og tilsette er prega av det «forretningsmessige». Fleire av prosessane som går no gjer mange medlemmer usikre. Klubben er uroa over dette.  


f.   Nærregion Bergen

Leiar har i tillegg til dei ordinære møta på institusjonsnivå vore sterkt involvert i  innplasseringsprosjektet den seinaste tida. 

Inntrykket med omsyn til haust-gåva har gjennomgåande vore positive frå medlemmene. Eitt medlem har reagert negativt skriftleg på gåva ut i frå både miljø- og ressurs-omsyn. 


g.       Nærregion Stord-Haugesund 

Klubben er uroa over andelen mellombels tilsette. 

Utdeling av haust-gåva er gjennomført. 

Klubben saknar ein betre kontakt med medlemmene i Haugesund.  


h.     Nærregion Sogn og Fjordane 

Nestleiar har fått fleire meldingar frå medlemmer på FLKI som er frustrerte over mangelfull medråderett i fleire prosessar på fakultetet.  

Utdeling av gåver er gjennomført, anten ved personleg overrekking eller via posthyllene. Ingen negative reaksjonar på gåva er registrert. Å dele ut gåva ved å oppsøke medlemmene er ein god måte å få medlemskontakt på. 

 

 

3.       Saker til IDF-møte 26. november, kl. 13.00

Nytilsette og slutta siste periode. 

Administrativ organisering. 
Saker til styremøte. 
Innmelde saker frå andre fagforeninger (NTL og NSF), mellom anna status for 
val av verneombod. 


Saker til styret. 

90 Budsjett: FF er opptekne av det rapporterte mindreforbruket, og ønskjer ei forklaring på dette. 

91 Verksemdsmål: Kompetanseheving er særs sentralt for FF. 

92 Opptak/studentrekruttering. 

FF er opptekne av konsekvensane for dei tilsette, eventuelt ved nedlegging av emner eller program. HVL som kunnskapsorganisasjon bør operere med eit lengre og forutsigbart tidperspektiv med omsyn til å eventuelt iverksette redusering eller avvikling av undervisningstilbod. 

93 Opptaksrammer. Blir mellom anna påverka av storleiken på årskulla framover.  

94 Godkjenning av nytt felles system for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL 
Dei tilsette er i for liten grad synlege som aktørar i kvalitetssystemet.  
95 Delegasjon av mynde for godkjenning av studie- og emneplanar på master- og phd-nivå. 
FF ser positivt på delegasjon til dekan i denne samnahengen. Samtidig er det vesentleg at medråderetten på fakultetsnivå blir styrka.  

98 Innspel til stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet.  

Tilsette som engasjerer seg i denne verksemda må sikrast gode vilkår både økonomisk, språkleg og fagleg og med omsyn til tidsbruk på arbeidsplanen. 

100 Valreglement 
Saka synest svakt utgreidd og ha vore for lite drøfta. 
 

4.       Årsmøte 2019 

a.      Valkomitear 

Valkomiteen for FF-HVL sitt lokalllag vart vald på sist årsmøte, og består av Andrea Eikset, Hedvig Rørvik, Gisle Kleppe og Tone Jørgensen. Dei to nestleiarane er dei einaste i lokallaget sitt styre som er på val under det komande årsmøtet. Leiar og dei fem klubbleiarane er altså ikkje på val. 

Årsmøta i klubbane skal halde årsmøte innan utgangen av februar, og vel valkomite, slik at denne er klar til årsmøtet 2020. 


b.     Endringar av lokallagsvedtektene http://www.ff-hvl.no/p/vedtekter.html: 

Bør det aklarast om ein person kan ha fleire verv i lokallagsstyret til FF ved HVLVedtektene slår fast at lokallagsstyret skal bestå av 8 medlemmer. Såleis kan ikkje same person ha fleire av verva i styret.  

Framlegg til vedtektsendringar må sendast til styret innan utgangen av desember, jfr. vedtektene. 

 

5.       FoU-rapporten  – Vegen vidare 

a.      Høyring: saka blir no sendt på høyring. FF er oppteken av ei form for likehandsaming: alle kategoriar tilsette bør ha ei flat tildeling av tid til forsking og utvikling. Den flate tildelinga skal ikkje hindre tilsette å oppnå endå høgare andel tid til FoU-tid. FF-HVL går elles for FF sin politikk:  


Professorar, dosentar og førstestillingar i uh-sektoren skal sikrast individuell rett og plikt til lik fordeling av arbeidstida til forsking og undervisning (50-50) når andre oppgåver er trekt frå. 

Vitskapleg tilsette i øvrige kombinerte stillingar skal sikrast minimum 30% av arbeidstida til FoU. 

Resultatbasert tildeling av tid til FoU skal koma som eit tillegg til denne basistida. 

 

Sakene 6-10 vart utsette. 

 

6.       Erfaringar frå lønnsforhandligane 2018 

7.       Campusutvikling ved HVL 

a.       ABW-konseptet 

8.       Situasjonen på FLKI 

a.       Medråderett 

b.       Opptakstal 

c.       Ressursfordeling 

d.       Valfagtilbod 

9.      Strategi for 2.5.3 forhandlingar etter innplasseringa 

10.   Bilete av FF-HVL-styret på mediesenteret? 

 

 

G.O. 
051218