Refererat frå styremøte i Forskerforbundet ved HVL, 6. november 2018. 1. Godkjenning av sakslista og godkjenning av referat frå styremøte 19.10.18. Saklista for dagens møte og referatet frå 19. oktober 2019 vart godkjend. Styret drøfta saka, og gav nokre førebels kommentarar:
Leiar vil i første om gang diskutere saka vidare med dei andre fagforeiningane. I den vidare prosessen vil Forskerforbundet også føreslå ei høyringsrunde. Saka skal elles mellom anna opp i strategisk utval, før den kjem til IDF-møte. Leiar Gjert Anders gjorde greie for prosessen, og takka dei som hadde medverka til det styret meiner er eit godt resultat for Forskerforbundet sine medlemmer ved HVL. Forhandlingane gjekk føre seg over tre spennande og intense dagar på Hotel Ørnen frå onsdag 24. til og med fredag 26. oktober 2018. FF har fått 47,8% av den totale potten. Lønnsmassen til FF-medlemmene ved HVL utgjorde 41% av den totale lønnsmassen. FF leverte krav for alle dei 292 medlemmen som søkte og i alt for nærmare 500 medlemmer. 442 av dei i alt 577 FF-medlemmene ved HVL fekk lønsauke ved årets lokale oppgjer. Nær-regionane Bergen og Sogn og Fjordane ser ut til å ha kome noko betre ut enn Stord/Haugesund. Professorane ser ut til å ha kome best ut av stillingskategoriane, målt i lønnstrinn. FF-HVL er ikkje nøgde med at stipendiatane ikkje fekk gjennomslag ved dette oppgjeret. Dette heng delvis saman med reguleringar i noverande tariffavtale. Leiar har sendt melding til HVL, for å be om informasjon om når resultatet blir kunngjort for den einskilde arbeidstakar. Styret vil evaluere forhandlingane i meir detalj ved eit seinare høve. 4. Mindreforbruk i akademia. Tilsette blir provosert. Leiar viste til oppslaget på Khrono om at HVL og fleire andre universitet og høgskular kan få budsjettkutt dersom dei ikkje brukar tildelte midlar. FF vil ta opp saka med HVL-leiinga og be om ei forklaring. 5. Styret møter HTV i HVL-styremøtet den 28.-29. november. Leiar Gjert Anders reiser til Haugesund for å representera FF ved dette høvet. Styret vil diskutere kva saker som bør leggast fram for HVL-styret i neste lokallagsstyremøte. 6. Prinsipp for oppsett av arbeidsplanar ved FLKI, studieåret 18/19: tidspunkt for endring av FoU-tid. FF-medlemmer på FLKI har reagert negativt på følgande formulering i fakultetet sine prinsipp for arbeidsplanar: Dersom en ansatt får faglig opprykk vil endring i fou-tid først skje når ny arbeidsplan settes opp, altså for ny arbeidsplanperiode. Opprykk som tildeles etter 01.06.18 vil først får innvirkning på arbeidsplanen for 19/20. Styret i FF støttar innvendinga mot denne ordninga, og meiner det er urimeleg at det skal gå to semester før uttelling i FoU-tid. Eitt semester bør væra tilstrekkeleg. 7. Utdeling av haust-gåve til alle FF-medlemmer i HVL. Bok- og pennutdeling vil bli gjennomført i løpet av veke 46. Leiar og nestleiarar tek ansvaret for at dette blir gjort. Leiar legg ut melding til alle på førehand. 8. OU-seminar søknadar for 2019. Styret diskuterte ulike typar OU-seminar for 2019. Leiar lagar korte utkast til søknader. Klubbleiarar og nestleiarar bidrar til ferdigstillinga av søknadane. Søknadsfrist er 15.11.18. 9. Eventuelt Leiar har hatt møte med Knut Vindenes i samband med «Nye steg mot nybygget på Kronstad», jfr oppslag på Vestibylen. Det skal opprettast ei styringsgruppe der FF ønskjer å vera med. Neste styremøte: 21. november kl. 14-16. Referent: G.O. |
Referater lokallagstyret > 2018 >