Referater lokallagstyret‎ > ‎2019‎ > ‎

01/19 Referat lokallagstyremøte FF-HVL, 17. januar 2019

Til stades:

Gjert Anders Askevold, leiar
Gunnar Onarheim, nestleiar nær-region Sogn og Fjordane (deltok på Skype)
Olav Christian Ruus, vara for nestleiar, nær-region Stord/Haugesund
Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN (deltok på Skype)
Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP
Andrea Eikset, klubbleiar FF-FLKI
Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS
Ellen Johanne Svendsbø, klubbleiar FF-FHS

Invitert:
Lene Borgen Waage, klubb FF-TAP
Forfall:
Kirsti Angvik Frugård, nestleiar Stord/Haugesund


1.           Godkjenning av referat og saksliste. Saklista vart godkjend. Referat frå styremøtene  6., 21. og 26. november vart godkjende.

2.           Informasjonssaker

a.  Kampanja 1av5.no

i.  Kampanje frå Forskarforbundet: målet er mellom anna at flest mogeleg medlemmer sender epostar til leiinga med oppfordring om å tilsetja forskarar.

ii. Kva gjer vi som lokallag? «Forskarar» er eit noko smalt omgrep med tanke på vår medlemsmasse. Passar kampanjen for FF-HVL?

iii.  Mellombels tilsette («midlertidighet») er uansett noko FF-HVL i prinsippet ønskjer å arbeide for å redusere. Medlemmer i klubb FF-TAP representerer  ein stor del av denne gruppa for tida.

iv. Styret er samtidig merksame på at «Midlertidighet» også kan væra i fagmiljø si interesse, mellom anna på campus der det er krevjande å få tak i relevant kompetanse.

v. Leiar tek saka opp under det komande IDF-møte og andre møter. FF-HVL og klubbane vil også arbeide for å informere einskildmedlemmer om ulike årsaker til midlertidighet, samt rekruttere nye medlemmer blant dei mellombels tilsette.

b. Tekst til Khrono om misnøye med innplasseringsprosjektet ved HVL. Leiar orienterte om innhaldet og bakgrunnen for at FF-HVL vel å gi eit innspel i media; i hovudsak at FF-HVL ikkje har opplevd å bli høyrt i denne prosessen.

i.  Styret ga si tilslutning til hovudinnhaldet i teksten, og kommenterte detaljar. Leiar vurderer i kva grad innspela skal innarbeidast i dokumentet.

c. Styresakene: Leiar gjorde kort greie for sakene. Sakspapira var ikkje publiserte til dette møtet.

3.           Årsmøte Lokallag 2019.

a. Sette dato: Årsmøtet skal gjennomførast innan utangen av mars, jfr. vedtektene.

 i. Dato for årsmøtet i FF-HVL 2019 blir tysdag 5. mars 2019.

ii. Årsmøte vil bli arrangert via Skype til lokale på alle campus.

iii. Leiar og nestleiarar tek ansvaret for påmelding.

b. Årsmøtemiddag: nestleiarar tek ansvar for å arrangere desse.

c. Årsmøte i klubbane: skal gjennomførast innan utgangen av februar, jfr vedtektene. Klubbane set desse datoane snarast.

d. Endringar av vedtekter. Framlegg om vedtektsendringar må væra lokallagsstyret i hende innan utgangen av desember månad.  Ingen framlegg er mottekne.

4.           Informasjon om leiar GAA sin tur til Amsterdam med tema «ABW»: aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

a. Leiar orienterte om reisa, jfr oppslag på Vestibylen: https://www.hvl.no/Vestibylen/nyhende/inntrykka-fra-nederland/ 

b. Leiar for FF-HVL oppfatta reisa først og fremst som ei propaganda-reise for innføring av ABW.

c. Styret diskuterte saka.

d. Nokre kommentarar:

i. Dette er ei alvorleg sak for HVL si framtid som attraktivt universitet, arbeidsplass og studiemiljø. FF-HVL er misnøgd både med leiinga si handtering av saka, og leiinga si haldning til dei tilsette undervegs. Det er klart dokumentert at aktivitetsbaserte arbeidsplassar svekker både konsentrasjonsevne, produktivitet, kreativ tenking og jobbtilfredshet. FF-medlemmer opplever at leiinga demonstrerer både manglande tillit til tilsette i prosessen og mangelfull kunnskap om kva det betyr å væra fagtilsett i ein kunnskapsorganisasjon.

5.           E-postlister i Outlook

a. FF-HVL vil gå over til å bruke «tillitsvalgtportalen» som grunnlag for epostlister for klubbar og ved meldingar til alle medlemmer etter årsmøtet 2019.

6.           Verneombod. FF-HVL og klubbstyra vil medverke til å finne aktuelle personar til verva.

7.           Høyring av FoU-planen for HVL

a.  Planen blir neppe implementert i år. Det blir lagt opp til ein grundig og lang høyring.

b.  FF-HVL vil bidra til at kvar einskild av våre medlemmer får høve til å ytra seg i denne særs viktige saka.

c.  Samtidig vil FF-HVL ta utgangspunkt i kva som er Forskerforbundet sentralt sin offisielle politikk.

8.           Runde rundt bordet: saka går ut.

9.           Neste møte: Skype-møte torsdag 28. februar.

a. Styret vil legge opp til eitt fysisk møte i nærregion Sogn og Fjordane og eitt fysisk møte i nærregion Bergen i løpet av året.

10.      Eventuelt

a.  Innmeldt sak frå klub FF-TAP: Innplasseringsprosjektet og følgeforskinga. FF-HVL er merksame på tidspunktet for datainsamlinga for den første rapporten frå NIFU, og vil følgje dette arbeidet nøye framover.

b. Saker til Landsråd: Styret støtta leiar sitt framlegg om å melda inn saker om ABW-konseptet, FoU-tid i nyfusjonerte institusjonar og forsvarleg drift og administrasjon i akademia.

c.  Musikkseksjonen og musikk ved FLKI ønskjer interne oppdrag ved HVL-arrangement. FF-HVL støttar fornuftig bruk av interne faglige krefter.

 

Referent: G.O.
18.01.2019

Comments