Referat Klubbstyremøte Forskerforbundet FØS 17.09.2018 (deltakarar: Hilde Sandhåland, Monika Alvestad Reime og Kristin Lofthus Hope) Sakliste: Lønsforhandlingar, og lønspolitikken til HVL: Gjennomgang av korleis lønsforhandlingane skal gjennomførast. Gjekk også gjennom den nye lønspolitikken til HVL, og kva medlemmane må vektlegga når dei sender inn krav til lønsforhandlingane. Saker til ID-møte FoU tid: Det går føre seg ei utgreiing på HVL nivå for å koma fram til felles retningsliner for FoU tid. Klubbleiaren, Kristin Lofthus Hope, sit i utvalet som ein av to representantar frå FØS. Diskusjon om ulike tilhøve relatert til FoU tid, og diskusjonen i utvalet. Arbeidsplanar: Diskusjon av nokre moment i arbeidet med arbeidsplanprinsipp som held på i FØS. FoU strategi for FØS: Diskusjon av arbeidet med ny strategi for FoU i FØS. |