Referat klubbstyremøte, 27.5.2020, kl 11.00-12.00 Til stedet: Deta, Øyvind, Gisle, Lars Arne, Carsten
Sak 01: Gjennomgang av saker til ID-møte 2.6. Desse sakene vart diskutert i klubbstyret - Innplassering og utforming av arbeidsplassarealer i Fabrikkgaten 5
Orientering frå Øyvind som har erfaring frå arbeid i Fabrikkgaten 5: Tidlegare HMS-sak pga. dårleg
luftkvalitet i den delen som har det gamle ventilasjonsanlegget (rød sone på oversiktskart). Dersom
dette ikkje har blitt ordna er det direkte helseskadeleg å sitje der. Dette vil ikkje vere gode
arbeidsforhold for dei stipendiatane som det er tenkt skal sitje der. Luft er viktigare enn møblering.
Deta: Problematisk prosess mtp. arbeidsgruppa sine føringar, ikkje skikkeleg avklart.
Det må avklarast at stipendiatane som skal inn i dette bygget får skikkelege arbeidsforhold, med
omsyn til lyd, lys og luft. Vi må snakke deira sak.
Relatert innspel til ID-møtet, problematisk i K2 at det enno ikkje er på plass ein plan for korleis dei vil
løyse at det er tenkt at fleire personar skal inn i ein etasje enn det som det faktisk er arbeidsplassar
til. Vidare: Korleis skal ein forholde seg til korona-reglar i dei nye opne kontorplassane.
- Evaluering av partssamarbeidet våren 2020
Deta: Formøte med de andre organisasjonene på fredag.
Innspel til evalueringa: Møtepapir har ofte blitt sendt ut for seint. Samarbeid prega av informasjon i
etterkant, men lite informasjon i forkant. Vanskeleg å kome med konstruktive innspel i ein slik
situasjon. Fagforeiningane må bli involvert før det kjem eit forslag til vedtak. Kvar står Statsbygg og
Areal i dette samarbeidet? Kor mange av premissane vert lagt frå dei utan diskusjon i organisasjon.
Viktig at organisasjonane vert brukt konstruktivt, med involvering frå dei tilitsvalde. Status til no har
medført ein del støy. HVL har fått korreks frå departementet om at K2-prosessen har vore eit brot
med hovudavtalen.
Vi ønskjer å fremme partssamarbeid også på institutt-nivå, ved at tillitsvalgte blir involvert i viktige
prosessar.
Vi ønskjer å vere ein konstruktiv partnar for sakshandsaming på både institutt- og fakultetsnivå.
Viktig å få på plass ordningar som ikkje berre er reine informasjonsmøter, men der
diskusjon/tilbakemeldingar kan skje.
Sak 02: Ressurstildeling FF-FIN, modell for fordeling av arbeidstimer innenfor FIN-klubben
Honorar (vedtatt av lokallagsstyremøtet): 10 000 til klubbleder, og 2000kr til styremedlemmene. Klubbressurser: Vi har fått tildelt 9000kr som vi kan bruke på klubbaktivitetene i 2020-
Timetildeling: Tall først ferdige rundt 1. august, men kan rekne med å få ca. 290 timar.
Timane vil bli fordelt etter same system som det som vert brukt for honorar: Leiar får 56% av timane,
kvart styremedlem får 11%.
Forslag om å kontakte stipendiatane sine tillitsvalde, og invitere alle stipendiatane til pizza-kveld i
august. Med omsyn til andre utanlandske nytilsette, så kan vi spele inn at dette er ønskeleg å få tatt
på HVL-nivå, for eksempel ved å få på plass et gratis kurs på engelsk gjennomført av
Forskerforbundet sentralt (som på UiO: https://www.forskerforbundet.no/nyheter/2019/working-innorway-know-your-rights/).
Møtet vart avslutta kl. 12.00. Referat godkjent på sirk 28.05. Kl. 12.00
Lars Arne Jordanger, referent. |