Referater klubbene‎ > ‎Midt‎ > ‎AL‎ > ‎

02/17 AL-Bergen 22. februar 2017

Referat frå

Klubbstyremøte 22.02.17

Stad Skype: Gjert-Anders, Håvard og Svein Ole

14.00-15.30

 

  1. Godkjenning av innkalling
    Godkjent

  2. Referent
    Svein Ole S.

  3. Informasjon frå ID-møte 20.01.17
    Gjert Anders orienterte om sakene. Viser elles til referat: http://ansatt.hib.no/referat/dokument/ID-AL/Referat%20fra%20info-%20og%20dr%C3%B8ftingsm%C3%B8te%2020.01.17.pdf

  4. Informasjon frå Lokallagsstyremøte på Gardermoen 10.02.17
    Lokallagsstyra for dei tre HVL campusane møtest til dagsmøte. Saker som var oppe til drøfting: framtidig organisering av FF i den nye HVL, oppnemning av arbeidsutval i interimsperiode, arbeidsoppgåver i tida framover, tidspunkt for ekstraordinært årsmøte (7.mars på fire campus), budsjettframlegg for nytt styre og ny styreperiode, plan for styreseminar o.a.
    Referat er under utarbeiding og skal på godkjenningsrunde.

  5. Blokkundervising. Kva skal vi meine her?
    Saka skal opp på ID møte den 24. februar. FF har tidlegare arbeidd for å leggje til rette for samanhengande periodar for dei tilsette til FOU arbeid. Blokkundervisning kan vere eit virkemiddel. Uttalene frå seksjonane peikar i ulike retningar. Før ein går inn for blokkundervisning bør det greiast ut, konkretiserast for å sjå om innvendingane som er komne kan løysast på ein tilfredsstillande måte

  6. Danningsveka, tidspunkt, tidsbruk og forankring av denne i lærarutdanningskollegiet
    Danningsveka er viktig og vert oppfatta positivt. Men den bør innarbeidast i årsplanar og informerast betre om.

  7. Sakslista til ID-møte
    Gjert-Anders gjekk gjennom saklista og fekk innspel og synspunkt.

  8. Saker frå medlemmane
    Undersøkinga som Frode Tuen gjer omkring arbeidsmiljø og arbeidstilhøve ved HVL – Bergen er viktig og FF reknar med at vi kan kome attende til resultata frå denne og særleg det som vedkjem AL tilsette.

 

Bergen 22.februar 2017

Svein Ole