2017/09 Høyringsfråsegn frå Forskerforbundet framlegg til struktur ved FØS

Høyring: framlegg til struktur ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Høyringsfråsegn frå Forskerforbundet ved FØS.

1. Fordelane og ulempene ved dei tre modellane er godt gjort greie for i høyringsbrevet.

Forskerforbundet ønskjer likevel å framheva nokre sentrale ulemper ved modell 1 som er den modellen det er klart sterkast motstand mot blant Forskerforbundet sine medlemmer ved FØS på dei tre campusane Haugesund, Bergen og Sogndal.

Modell 1 vil kunne utløyse eit fjerde leiarnivå ved instituttet for økonomisk fag, noko som vil kunne medføra:

a. ei for lang linje

b. ulik handsaming av tilsette ved fakultetet, ved at dei får ulik tilgang til nivå 3

c. byråkratisering og mindre handlekraft i den daglige drifta

d. redusert høve til å utvikle den dynamiske entreprenørskapen som bør kjenneteikna eit lite fakultet

2. Forskerforbundet meiner modell 2 vil vera den beste for FØS blant dei modellane som er presenterte. Dette er likevel under føresetnad av ein grundig gjennomgang av kva som skal vera ansvarsfordelinga mellom dei tre school-leiarane, samt ei drøfting av namn-settinga av dei ulike einingane.

Ein sentral fordel ved modell 2 er at den balanserer to sentral omsyn;

1. den utnytter fordelane ved fusjonen ved å legge til rette for ei gradvis utvikling gjennom i første omgang danninga av ei felles, økonomifagleg overbygning på tvers av campusane Haugesund, Bergen og Sogndal.

2. den tek vare på eksisterande, lokale og godt fungerande fag- og arbeidsmiljø

3. Dersom modell 2 ikkje blir valt, vil Forskerforbundet ved FØS føretrekka modell 3.

4. Av meir generelle kommentarar og saker som fell utanfor spørsmåla ovanfor, ønskjer Forskerforbundet å påpeika følgjande:

· Uavhengig av kva modell som blir vald, ønskjer Forskerforbundet å understreka føringa om einskapleg leiing og at tilsette skal ha nærleik til både fagleg leiing og til personalleiing.

· Forskerforbundet er særs opptekne av korleis tilsette-medverknad skal sikrast på dei ulike nivåa ved Fakultet for økonomi og samfunnsfag, og ser fram til å drøfte og bidra til å utvikle dette.

· Tilsette-medverknad blir særs viktig i dei vidare drøftingane om HVL sin strategi, og mellom anna i drøftingane om korleis forskinga skal organiserast på Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, både med omsyn til lokalisering, omfang, nivå og tema. Målet bør uansett vera å oppnå ein god balanse mellom for det første å ta vare på eksisterande og sterke fagmiljø, fag-grupper og forskingsprogram, og for det andre å legge til rette for utvikling og nyskaping.