01/18 Refererat storstyremøte FF-HVL, 10. januar 2018
Til stades: Gjert Anders Askevold, Hedvig Kristin Rørvik, Alvhild Alette Bjørkum, Gisle Yngvar Romslo Kleppe, Helle Asgjerd Oltedal, Svein Bjarne Brandtsgård, Ellen Johanne Svendsbø, Knut Rydgren, Hege Gjerde Sviggum, Gunnar Onarheim.
Fem medlemmer melde forfall.
Konstituert HTV og leiar Gjert Anders Askevold leia møtet.
1. Godkjenning av saksliste og innkalling
Saksliste og innkalling vart godkjende utan merknader.
2. Orienteringar.
Studenttinget ved HVL har invitert til møte med FF-leiinga fredag 12. januar.
FF HVL har blitt kontakta av NRK Brennpunkt som ønskjer eit intervju i samband med saka om aktivitetsbaserte arbeidsplassar.
HVL har sendt ut eit revidert utkast til tilpasningsavtale. Saka vart drøfta i møte med partane på verksemdsnivå tysdag 9. januar. FF-styret vil få saka til handsaming.
HVL har kome med eit framlegg til fordeling av ressursar til tillitsvalde i HVL. Tilbodet representerer ein litt større ressurs til dette føremålet enn det som samla sett vart gitt i dei tre tidlegare høgskulane. Organisasjonane vil få høve til å drøfte saka før endeleg avgjerd.
Oddmund Hoel er oppnemnd som tillitsvald-representant i strategiutvalet på FØS.
Leiar oppmoder alle om å halde fram med vervearbeidet lokalt.
3. Møteplan
Styret er samde om å ha styremøter ca. ein gong per månad.
Dato for neste styremøte: torsdag 15. februar kl 1300.
Framlegg til dato for årsmøtet: tysdag 13. mars kl. 1400. Medlemmene blir invitert til felles middag på kvar campus etter årsmøtet. Ansvarlege for middagane er Hege (Sogndal), Gjert Anders (Bergen), Svein Bjarne (Stord), Gisle (Haugesund) og Gunnar O. (Førde).
4. OU-søknader.
Leiar Gjert Anders gjorde greie for to søknader som har fått tilslag i FF sentralt, tre søkander som er lagt på vent og vil vera avhengig av økonomiske avklaringar i FF, og fem søknader der det må meldast inn datoar.
5. Nye vedtekter i FF, HVL.
Styret diskuterte dei alternativa som låg føre, og vart samde om følgjande innstilling med omsyn til nokre sentrale punkt:
Styret skal ha 8 medlemmer med personlege varamedlemmer.
Ein som er HTV og leiar
To nestleiarar
Fem klubbrepresentantar (ein for kvar av dei fem klubbane TAP, FHS, FIN, FLKI, FØS).
Leiar/HTV og nestleiarar skal veljast av årsmøtet, og representerer heile HVL.
Dei to nestleiarane skal ha arbeidsstad i kvar av dei to nær-regionane som ikkje har leiaren.
Valkomiteen blir bedne om å føreslå personar til alle 16 posisjonane i lokallagsstyret til årsmøtet 2018. For seinare årsmøter vil klubbane velje dei fem klubb-representantane som skal sitte i lokallagsstyret.
Det er ingen krav til geografisk-/campus-representasjon med omsyn til klubbrepresentantane. Vi er først og fremst opptekne av å få inn dei beste og mest motiverte tillitsvalde. Vedtektene vil likevel innehalda ein setning om at ein skal søka å oppnå ein rimeleg representasjon på tvers av stillingsgrupper, campus og kjønn i lokallagsstyret, inkludert varamedlemmer.
Gunnar O. skriv ferdig framlegget til vedtekter, og sender det til storstyret. Gjert Anders sørger for kvalitetssikring og formidlar framlegget vidare til valkomiteen.
6. Eventuelt
a) Tilsetjingsprosess knytt til tilsetjing av fagseksjonsleiar.
Eitt medlem har kontakta FF-tillitsvald med omsyn til mellom anna innhaldet i grunngjevinga for avslag på søknad, samt at stilling vart trekt inn etter intervju. Gjert Anders vil søke råd hos FF sentralt.
b) Opplæringstiltak i HVL
Organisasjonspsykolog A.M.K. Hanstveit, HVL, har kontakta organisasjonane med ønskje om liste over tillitsvalde i samband med eit tilbod om opplæringstiltak. Styret stiller seg positive til dette.
c) Tillitsvalde blir bedne om å oppdatere profilen sin.
d) Tilsetjingsutval
Gjert Anders gjorde greie for arbeidet med å få inn folk i tilsetjingsutvala på fakulteta. FF vil vera representerte på alle fakulteta samt i tilsetjingsrådet for TAP. Leiar har fått inn framlegg, og vil mellom anna ta omsyn til at vi oppnår ein rimeleg campus-representasjon.
Gunnar O.
12. januar 2018