2018/08 Høring om forslag til vedtekstendringer, til representanskapsmøte 2018
Høyringssvar frå HVL sitt lokallag til Høring om forslag til vedtekstendringer, til representanskapsmøte 15.-16. oktober 2018.
Endringsforslag til §7 Representantskapet: HVL sitt lokallag støttar fullt ut at nestleiar skal velgast separat og er enige i vedtaksendringa.
Endringsforslag til §11 Hovedstyret: HVL sitt lokallag støttar fullt ut at varamedlemmar skal kallast inn til alle hovedstyremøter. Dette vil sikre breiare representasjon og saksutgreiing i hovedstyremøta og i organisasjonen.
Endringsforslag § 15 Foreninger: Det tenar til ingen nytte at fagpolitiske foreiningar utan aktivitet er ein del av organisasjonen. Fint at det blir opna opp for at desse kan leggast ned av hovudstyret. I formuleringa «foreninger som ikkje fungerer etter sitt formål» er det innlagt ei form for vurdering. Korleis skal denne vurderinga gjerast, etter kva for mandat? Dette vil krevje at hovudstyret gjere godt reie for nedlegginga av den fagpolitiske foreininga, då det potensielt kan opne for konflikt mellom hovudstyret og den fagpolitiske foreninga som skal leggast ned. Retningslinjer bør utarbeidast.
Forskerforbundet sitt lokallag ved Høgskulen på Vestlandet