08/20 Klubbstyremøte FIN, 12. august 2020

Referat klubbstyremøte, 12.08.2020, kl. 13.15-14.00

Til stades: Øyvind Midtbø Berge, Deta Gasser, Lars Arne Jordanger, Gisle Kleppe

Sak 01: Drøfting av kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse

Fredag 14/8 skal kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk ved HVL drøftas med leiinga.

I vår har ei arbeidsgruppe arbeidd fram prinsipp som skal drøftas på fredag. Desse ligg vedlagt saman med rapporten frå arbeidsgruppa og KD brev om bakgrunn for endring i forskrift.

Denne endringa har betydning for framtidige tilsettinger og opprykk.

Det er opp til institusjonane å utforma retningslinene sjølv, men det som er viktig er at nye tilsette og dei som søkjer opprykk må dokumentera sin kompetanse innanfor utdanningsfagleg kompetanse. Dette vert gjeldande for tilsetting og opprykk til førsteamanuensis og professor.

Referat:

Klubbstyret sine medlemmar har tolka fleire avsnitt i dokumentet “kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse” ulikt. Det vert oppfatta som fleir- og til dels utydeleg. Presiseringar er ynskjeleg, til dømes om innhald og lengde til den pedagogiske mappa som vert kravd for professortilsetjing/opprykk. Eventuelle endringar må ikkje ha tilbakeverkande kraft for dei som allereie måtte vera i prosess for opprykk.

Etterlyser ei liste over dei krava som må vera oppfylte for opprykk til, eller tilsetjing som, professor (krava til 1. amanuensis + …?). Krava til samansetjinga av vurderingskomitear bør drøftast på nytt.

Enten bør alle komitear ha ein spesialsakkyndig for utdanningsfagleg basiskompetanse eller ingen.

Sak 02: Runde rundt bordet

- Korleis ble vårsemesteret avslutta?

- Tilbakemeldinger fra FF-samling på Ullensvang?

- Hvordan er kontor- og undervisningssituasjonen nå på de forskjellige campus?

Referat:

K2 og korona: For få arbeidsplassar i K2 medfører at folk kan risikera å ikkje finna plass når dei møter fram.

Situasjonen er tatt opp med “areal og drift” utan at det har resultert i svar av verdi.

Anbefaler bruk av heimekontor i så stor grad som naudsynt.

- Kva for tema skal vi ta opp/jobbe med i haust?

- Pizzakveld for stipendiatane?

Referat:

Usikker på interessa. Skal verta undersøkt med tillitsvald for stipendiatane.

- Kurs for nye arbeidstakarar: «working in Norway – know your rights» ved HVL?

- Møtekalender haust?

Referat:

- Ikkje på plass enda. Foreløpig er ikkje arbeidsplanane for alle styremedlemmane på plass.

Møteplan vert laga når datoane for ID-møta på fakultetet er på plass.

- ….

Møtet blei avslutta kl. 14.05.

Referat godkjent på sirk. 13.08. Kl. 12.00

Gisle Kleppe/Deta Gasser, referent.