09/18 Referat klubbstyremøte FØS 17. sept 2018
Referat Klubbstyremøte Forskerforbundet FØS 17.09.2018
(deltakarar: Hilde Sandhåland, Monika Alvestad Reime og Kristin Lofthus Hope)
Sakliste:
Lønsforhandlingar, og lønspolitikken til HVL:
Gjennomgang av korleis lønsforhandlingane skal gjennomførast. Gjekk også gjennom den nye lønspolitikken til HVL, og kva medlemmane må vektlegga når dei sender inn krav til lønsforhandlingane.
Saker til ID-møte
FoU tid:
Det går føre seg ei utgreiing på HVL nivå for å koma fram til felles retningsliner for FoU tid. Klubbleiaren, Kristin Lofthus Hope, sit i utvalet som ein av to representantar frå FØS. Diskusjon om ulike tilhøve relatert til FoU tid, og diskusjonen i utvalet.
Arbeidsplanar:
Diskusjon av nokre moment i arbeidet med arbeidsplanprinsipp som held på i FØS.
FoU strategi for FØS:
Diskusjon av arbeidet med ny strategi for FoU i FØS.