04/18 Referat styremøte Forskerforbundet, HVL – 12. april 2018
Til stades:
Gjert Anders Askevold (leiar)
Gunnar Onarheim (nestleiar)
Olav Christian Ruus (vara for nestleiar Kirsti Angvik Frugård)
Monika Alvestad Reime (vara for nestleiar Gunnar Onarheim)
Alvhild Alette Bjørkum (klubbleiar FF-FIN)
Trond Brattlie (klubbleiar FF-TAP)
Kristin Lofthus Hope (klubbleiar FF-FØS)
Hege Gjerde Sviggum (klubbleiar FF-FLKI)
Meldt forfall: Ragnhild Ihle (klubbleiar FF-FHS)
1. Godkjenning av saksliste og innkalling
Saksliste og innkalling vart godkjende utan merknader.
2. Møteplan og møtestruktur
Styret er samde om å ha FF-styremøter framfor kvart IDF-møte ved HVL.
Datoar og tidspunkt for dei komande styremøta er såleis 23. april 1330-1530,
15. mai 1400-1600 og 15. juni 0800-1000.
Nytt frå nær-regionane og nytt frå klubbane samt aktuelle saker til IDF-møta vil væra faste postar på saklista under styremøta.
3. Nytt frå nær-regionane og klubbane
Nær-region nord
To innspel til nestleiar frå medlemmer viser at det no er viktig at vi får gjennomført ekstraordinære årsmøter i klubbane, og får vald inn klubbstyremedlemmer frå relevante campus, slik at medlemmene veit kven dei skal gå til lokalt. Nestleiar har elles teke to saker på FLKI i klubbleiar sitt fråvær.
Nær-region midt
Leiar har delteke på seminar med rektor, organisasjonsdirektør og øvrige tilsette-organisasjonar inneverande veke, og deltek på FF-seminar i Oslo komande veke.
Av saker som pågår er det spesielt FoU-tildelinga det blir arbeidd med no. I tillegg pågår mellom anna førebuinga av innplassering av stillingar for administrativt tilsette, samt enkeltsaker.
Nær-region sør
Fleire medlemmer er uroa over mangelfull informasjonsflyt i HVL. Denne er til dels prega av tidlegare roller leiarar hadde i dei fusjonerande høgskulane. Eit eksempel er informasjon frå IDF-møter. Tilsette er usikre på om dei får innsyn i prosessar der det blir teke viktige avgjerder.
FF-FLKI
Klubb-leiar har delteke på IDF-møter på fakultetet, og sit i strategigruppa for FLKI, men saknar førebels eit klubb-styre å spela på lag med. I mellomtida har klubb-leiar teke opp saker med medlemmer i det tidlegare stor-styret. I forhold til informasjon, har det vore ein del problem med epost-kommunikasjonen på FLKI. ID-møtereferat skal ligga på eiga nettside.
FF-FIN
Klubb-leiar har så langt ikkje fått gjennomført nødvendige samtalar med FF-medlemmer i dei andre nær-regionane før ID-møter på FIN, og beklagar det. Eit klubbstyre må på plass så snart som mogeleg. Klubben må avklara korleis representasjonen i møter på fakultetet skal strukturerast, for å få til relevant representasjon frå berørte partar i FF-FIN. Klubbleiar er elles oppteken av at FF-HVL i større grad må prioriterer mellom saker.
FF-TAP
Klubbleiar er i ferd med å få på plass kandidatar til eit klubb-styre, og er oppteken av å drøfte innhald og rammer for ID-møtene. Av saker vil klubben mellom anna arbeide for at kompetanseutviklingstiltak skal inn i medarbeidarsamtaler for TAP-tilsette.
Innplasseringa av administrativt personale skal vera gjennomført i mai, men er enno ikkje gjort, så situasjonen er krevjande og til dels kaotisk for mange av våre medlemmer for tida.
FF-FØS
Klubb-leiar har delteke på eitt ID-møte på fakultetet. Dette handla mest om korleis eit slikt møte bør fungera. Elles nådde FF fram med nokre justeringar av FoU-søknadsskjemaet på FØS. Ei anna viktig sak er utlysingstekstar, der vi må passe på at desse skal drøftast med tillitsvalde på fakultetsnivå, deretter på verksemdsnivå, der det vil handla mest om løn.
4. Planlegging av årsmøter i klubbane.
Klubbleiarane har ansvaret for å kalla inn til og gjennomføra årsmøter på fakulteta innan 1. mai 2018. Hovudføremålet er å få på plass klubb-styrer. For å få fram gode kandidatar, må vi bruke tidlegare og noverande tillitsvalde, samt øvrige medlemmer.
Leiar vil prioritere å delta på årsmøtene, så langt det er mogeleg.
5. Ressursar til å drifte lokallaget.
Styret diskuterte to modellar for fordeling av timeressursar til leiarar og FF-klubbane ved HVL. Timeressursen til leiar og nestleiarar er identiske i dei to modellane, medan den eine modellen fordeler timar til klubbane etter medlemstal; den andre både etter medlemstal og kor mange campus som er representerte per klubb. Det siste alternativet vart vald med fem mot tre stemmer. Runda av til nærmaste heile timetal gir dette FF-FLKI 411 timar, FF-TAP 335 timar, FF-FHS 304 timar, FF-FIN 264 timar og FF-FØS 245 timar. Leiar er frikjøpt i full stilling, og nestleiarane i 0,25% stilling.
6. Økonomiansvarleg
Nestleiar Gunnar Onarheim er ny økonomiansvarleg for FF-HVL.
8. Dato for medlemsmøte i FF-HVL
OU-seminaret «Er FF-HVL på rett veg?» blir arrangert i Balestrand 6. – 8. juni 2018.
9. Medlemsmøter i nær-regionane.
FF-HVL vil arrangere medlemsmøter i nær-regionane i løpet av 2018, og startar med eit møte i Sogndal i løpet av mai 2018. Leiar og nestleiar avtaler dato og innhald.
Referent: Gunnar O.