04/18 Årsmøte klubb FIN

Referat frå Årsmøte i Forskerforbundet ved FIN ( ), HVL 2018

Tid: 24. april, 12:00-14:00

Stad: Rom F228-KRN (Bergen), Møterom Foss (Sogndal), og møterom B-39-01 (Stord)

Sak 1. Innkalling og dagsorden, kontinuering

Innkalling og dagsorden var godkjent utan merknader. Alvhild Bjørkum vart vald som møteleiar, medan Øyvind M. Berge vart vald som referent.

Sak 2. Årsmelding

Fungerande leiar i klubben orienterte om aktiviteten i 2017. I tillegg blei det supplert frå representantar frå kvar region. Det har ikkje vore lage ei skrifteleg årsmelding i år, men vart lagt fram i møte. Året har vore prega av fusjon og oppgåver knytt til å etablere ein ny felles klubb. I tillegg til å bygge lokallag, har aktuelle saker i åre som har gått vore arbeidsplanar, økonmimodell og talet på institutt på FIN.

Sak 3. Orientering om aktuelle saker v/Gjert Anders Askevold, leder FF-HVL og hovedtillitsvalgt

Hovudtillitsvald og leiar Gjert Ander Askevold presenterte seg sjølv og gjekk igjennom aktuelle saker FF arbeidar med. Ein har fram til no arbeidd med ulike måtar å organisere FF HVL på. Ein enda på ein modell med 5 klubbleiarar (frå kvart fakultet og administrasjon), 1 hovudtillitsvald/leiar og 2 nestleiarar. No som ein får på plass klubbstyrer ser leiaren fram mot å bygge FF saman.

    • Arbeidstid har vore ei viktig sak. Kor mykje tid får den einskilde til fagleg fornying, administrasjon, FoU mv. Det har ikkje vore forhandlingar (berre drøftingar), når det gjeld fordeling av FoU-tid. HVL enda på 10 prosent til fagleg oppdatering og 7 prosent til administrasjon. Då fordeling av FoU-tid ligg til fakultet vert klubbleiarane meir aktuelle når det gjeld til drøfting og FoU-tid (her legg fakulteta til grunn ulike modellar).

    • Lønnsoppgjeret. Framover vil det bli mykje arbeid knytt til lønnsoppgjeret. Askevold var og innom lønnspolitiske retningslinjer.

    • Søknad om K2 er i gang. FF har engasjert seg i utforming i bygget, men ikkje nådd fram. Det kjem ein Brennpunkt-dokumentar i morgon som FF har medverka til.

    • 3 kultarar som skal bli 1. Det vert mellom anna OU-seminar for alle medlemmer på Balestrand 6. juni på Kvikne Hotell. Temaet for seminaret vil vere «Er vi på rett veg?», og det vert no arbeidd med program. Det kjem innleiarar frå sentralt for å snakke om pensjon og lønnsoppgjeret.

Sak 4. Aktuelle saker frå medlemmane

    1. Dei nye arbeidsvilkåra. For nokre er det ein ny reduksjon av «eigentid» - no 10% faglig oppdatering + 7% administrasjon. FF ville auke til 20 prosent, men ein klarte å «redde» 17 prosent». Det vil truleg bli ståande framover (avgjort på HVL-nivå), men FoU-tildeling vil som skje på fakultetet som før så lenge ein ikkje avtalar noko på verksemdnivå. Det må og skje ei harmonisering mellom dei ulike campus. Td. Har ein i Bergen og Sogndal/Førde 8 seniordagar frå 60 år, medan ein i Stord/Haugesund har 8 + 3 seniordagar, og ytterlegare 3 seinare.

    2. Tildeling av FoU-tid. FF må vere aktive. Det blei diskutert kort om det er best om det ligg til fakultet, eller om det bør vere einsretting på HVL.

    3. Tildeling av stipendiatstillingar følgjer i hovudsak dr. grads satsingar. Det blei tatt til orde for at det er sju fakultet på FIN, og at det var ønskje med stipendiatstillingar også på dei institutta som ikkje er knytt til nokon av doktorgradssatsingane. I Sogndal hadde alle miljø høve til å søke på dei strategiske stipendiatstillingane og så blei det ei tildeling basert på kvalitet. Det blei vidare peika på at det var ulike måtar å få stipendiatstillingar på, td. Gjennom å skaffe eit forskingsprosjekt.

    4. Tildeling av faglege stillingar til institutt, senter og fagmiljø ved FIN. Det er ønske om meir innsyn i dette.

    5. Lokallaget har 2,4 stillingar på HVL. Leiar er frikjøp 100 prosent, medan nestleiarane er frikjøpt 25 prosent. 1,4 stillingar er fordelt til klubbane etter størrelse. FIN har 264 timar som klubben disponerar. I hovudsak til klubbleiar, men kan også fordelast.

    6. Store lønnsforskjellar mellom campus. Det må få konsekvensar, og HVL må komme med utjamningsmidlar utover dei lokale oppgjera.

Sak 5. Valg av FF-FIN-styremedlemmer

Framlegg:

Alvhild Bjørkum leiar,

Styremedlem:

1. Region Midt: Lise Bjørkhaug Gundersen og Øyvind Midtbø Berge

2. Region Nord: Deta Gasser

3. Region Sør: Gisle Yngvar Romslo Kleppe

Ale blei vald med akklamasjon. Styret konstituerer seg sjølv.

Sak 6. ID-FIN representasjon frå FF-FIN-HVL

Leiar er fast representant frå FF-FIN i Informasjon og drøftingsmøtet (ID) med dekanen på FIN. Kleppe (sør) og Gasser (nord) er bisitjarar. Berge og Gundersen er vara om noko ikkje kan stille.

Sak 7. Valkomité

Det må settast ned ein valkomité. Styret får ansvar for dette.

Referent

Øyvind M. Berge