02/19 Årsmøte, klubb FF-FIN

Referat frå Årsmøte i Forskerforbundet ved FIN (FF-FIN), HVL 2019

Tid: 15. februar, 12:15-14:00

Stad: Bergen Rom: F228, Sogndal Rom: Møterom Gravenstein (H2075), Haugesund Rom: rom 2086

Sak 1. Innkalling, dagsorden og referent

a) Det var ingen merknader til innkalling eller dagsorden

b) Deta Gasser vart vald til møteleiar ved akklamasjon

c) Øyvind M. Berge vart vald til referent ved akklamasjon

d) Håvard Helstrup og Marthe Lange Vik vart vald til å signere protokoll ved akklamasjon

Sak 2. Årsmelding 2018

Leiar for FIN sin klubb Alvhild Bjørkum orienterte om klubben sin aktivitet i 2018. Ho peika på at klubben har vore positiv til prodekan for forsking sitt forslag til prinsipp for FoU-tid ved FIN. Klubben har vore oppteken av at det ikkje skal skje kutt på FoU-tid, men skal vere ei auke. Det bør vere ei målsetting at ein minimum aukar FoU-tida til minimum 25 prosent. Det er viktig å ha målet i prosent, og ikkje berre i tal timar på fakultetsnivå då tal timar vil innebere reduksjon ved nytilsettingar. I Sogndal har ein hatt eit system der FoU-tid er tildelt etter stillingsnivå, og der ein ikkje nyttar søknad men får ei vurdering basert på produksjon.

Bjørkum påpeikar behovet for kvalifiseringsstipend for interne kandidatar (td. høgskulelektorar for å kvalifisere til førstestilling, og 1.am for å få opprykk til professor) ved FIN og slik at alle HVL-tilsette har same insentiv og moglegheiter for opprykk.

Lønnsforhandlingane

Det har vore ein lang prosess. FF har 42 prosent av lønnsmassen, men fekk 47 prosent av potten. Ein er difor nøgd med resultatet. Alle vart heva til nærmaste lønnstrinn (jf. Påslag på lønnstrinn frå oppgjør 2017).

Bjørkum orienterte vidare om planar for aktivitet i 2019. Mellom anna å ha medlemsmøte i tillegg til OU-seminar og andre fellesmøte i FF-HVL regi.

Sak 3. Aktuelle saker frå medlemmer

K1 og K2

FF FIN ønskjer ikkje free-seating på K2. Det har blitt sendt eit brev frå dei tillitsvalde til Arbeidstilsynet. Det har ikkje vore tilstrekkeleg medverknad. Det er naudsynt å involvere fagforeningane i arbeidet med innplassering i K1 og K2.

Ressursar til tillitsvaldarbeid

Styret må oppmodas om å omdisponere tid til tillitsvaldarbeid, samt vurdere honorar for dei i klubben som ikkje har noko eller liten tid til arbeidet. Valkomiteen skal vurdere om klubbstyret på FIN skal vere på 3 eller 5 medlemmer.

Sak 4. Valg av valgkomité 2020

Det vart fremma forslag om Knut Rydgren og Håvard Helstrup som valkomite. Helstrup og Rydgren var samrøystes vald.

Framlegget «Årsmøtet ber valgkomiteen vurdere om klubbstyret på FIN skal være på 3 eller 5 medlemmer» vart samrøystes vedteke.

Øyvind M. Berge, referent